Syril vann 3-2 over Balestrand heime på Syril stadion onsdag kveld. (Foto: Syril IL)

Brage berga tre poeng etter overtidsdrama

Brage Navarsete Asperanden vart dagens helt for Syril då han scora vinnarmålet fire minutt på overtid mot Balestrand.

Publisert 13.09.2018 kl. 00.34. Oppdatert kl. 07.21.

Serieleiar Syril tok tre poeng og held stø kurs mot opprykk til 4. divisjon etter at tabelljumbo Balestrand vart slått 3-2 heime på Syril stadion onsdag kveld. 


Det var dei blåkledde som kom best i gong i oppgjeret. Jonas Heggestad opna scoringsballet då han sendte gjestene i føringa i 1. omgang. Stillinga heldt seg til pause.


Etter kvilen fiksa Steinar Henjum balanse i rekneskapen då han utlikna til 1-1. Men gjestene gav ikkje opp håpet om tre poeng og tok tilbake leiinga ved Fredrik Myklebust.


Syril, som hadde sju strake sigrar på heimebane før denne kampen, gjorde det vanskeleg for seg sjølv denne kvelden, men Magnus Wolff Risnes gav heimepublikummet håp om full pott då han utlikna til 2-2.


Fire minutt på overtid var snuoperasjonen komplett då Brage Asperande Navarsete sette ballen i mål til 3-2 og elleville jubelscener. 


Syril har dermed 14 sigrar og ein uavgjort så langt i sesongen. Høyang ligg på 2. plass, sju poeng bak serieleiaren. Balestrand ligg dårleg til, heilt sist på tabellen med seks fattige poeng. 


Siste saker Gå til framsida