BERRE EIN VEG: Laurdag 12. august blir fv. 243 mellom Aurland og Lærdal einvegskøyrd i 7,5 timar. (Foto: Mariann Skau)

Blir einvegskøyrd laurdag

I 7,5 timar laurdag 12. august blir fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet einvegskøyrd.

Publisert 11.08.2017 kl. 07.34. Oppdatert kl. 07.36.

I morgon laurdag, frå klokka 08.00 til klokka 15.30, kan Snøvegen, fylkesveg 243, berre køyrast ein veg, nemleg frå Aurland og i retning Lærdal. Einvegskøyringa blir innført fordi det skal arrangerast ei triatlon-tevling i Aurland laurdag, ei tevling som mellom anna skal gå langs Snøvegen.


For dei som bur langs fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal er det gjort unntak frå einvegskøyringa, skriv Statens vegvesen på trafikkmeldingssida si.


 


Siste saker Gå til framsida