Blei stoppa for bremsetrøbbel

Vogntog måtte reparera bremser før det kunne køyra vidare.

Publisert 01.02.2018 kl. 17.08. Oppdatert kl. 17.19.

Under kontroll på Håbakken i Lærdal torsdag fekk eit vogntog bruksforbud grunna feil med bremsene. 


Statens vegvesen melder at køyretøyet hadde utslitne bremseklossar og feil med ABS-bremsene. 


Dette måtte reparerast før vogntoget kunne køyra vidare. 


I tillegg vart ein førar meld for brot på køyre- og kviletidsreglane og hadde fått lite døgnkvile. 


Føraren vart pålagd å ta døgnkvile før vidare køyring. 


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk

Siste saker Gå til framsida