MAT FRÅ FLEIRE VERDSDELER: Mange av nasjonalitetane i Leikanger møttes over ein matbit laurdag. Bjørg Anda, Anna Torvund, Rolf Torvund og Merete Farstad var mellom dei mange som testa. Mellom rettane fann ein mellom anna eritreisk injerra (lefse) med sterk kjøttsaus, indonesisk kyllinggryte, norsk betasuppe, amerikanske cookies og tysk sjokoladekake.
Foto: Renate Sæle Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.