Den 28. utgåva av Esefjorden Rundt tysdag 1. mai vart av arrangøren utropt til tidenes beste. 15 år gamle Malene Blikken Haukøy frå Høyanger spurta i mål som raskaste kvinne på tida 32,53 og sette med det ein brutal stoppar for Vik-veteran Hilde Mæhlum si fem år lange sigersrekkje. Totalt deltok rekordhøge 859 løparar i årets Esefjorden Rundt, derav 59 aktive.
Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.