Fylkesleiren til 4H vart i år arrangert i Aurland, på Sogn Jord- og Hagebruksskule. 27 juni vart leiren avslutta, og leirkomiteen kunne konkludera med ein vellukka leir, sjølv om veret var litt fuktig i starten. - Det har vore ein fantastisk leir. Det er utruleg herleg å sjå glade og lukkelege ungdommar i fire dagar og netter til ende, seier leirsjef Renate Rendedal.
Foto: Elin Stensvand Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.