Illustrasjonssfoto.

Bil hamna i fjellveggen på fylkesveg 50

Ein bil har køyrt i fjellveggen i Hagatunnelen på fylkesveg 50 i Aurland.

Publisert 18.05.2018 kl. 06.44. Oppdatert kl. 08.05.

Like før klokka 06 fredag morgon melde politiet på Twitter om ei trafikkulukke i Hagatunnelen på fv. 50 mellom Aurland og Hol. Ein bil har køyrt i fjellveggen inne i tunnelen. 


Det var fire personar i bilen, og alle skal ha kome seg ut av køyretøyet etter ulukka, melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt.


Naudetatane, det vil seia ambulanse, politi og brannvern, har rykka ut til ulykkesstaden. Politiet melde like før klokka 07.30 at ingen av dei fire personane som var med i ulukka vart skadde


Tunnelen vart stengd etter trafikkulykka, og han vart meldt open att klokka 07.45 fredag.


 


Les meir om: Nyhende Aurland Politi Trafikk

Siste saker Gå til framsida