UTE AV CHAMPIONS LEAGUE: Avaldsnes med Elise Thorsnes i spissen fekk det tøft mot Barcelona. (Foto: Grethe Nygaard, Haugesunds Avis)

Barcelona vart for sterke for Elise Thorsnes og Avaldsnes

Snipp, snapp, snute, så var Champions League-eventyret ute.

Publisert 12.10.2017 kl. 09.53. Oppdatert kl. 09.55.

Avaldsnes med Elise Thorsnes frå Leikanger i spissen hadde ei nesten umogleg oppgåve framfor returoppgjeret mot Barcelona onsdag kveld.


I den første kampen vann katalanarane 4-0 i Haugesund. Onsdag kveld vann dei spanske damene 2-0 og avanserte til meisterligaen med 6-0 samanlagt.


Lieke Martens og Vicky Losada scora måla i oppgjeret som vart spelt på Mini Estadi i Barcelona.


Begge scoringane kom tidleg i 2. omgang. Martens putta etter 52 minutt, og fem minutt seinare dobla Losada, skriv Haugesund Avis.


Les meir om: Sport Fotball Leikanger