Avskilta to køyretøy

Publisert 22.02.2018 kl. 07.10. Oppdatert kl. 07.19.

Statens vegvesen kontrollerte 86 lette køyretøy i tre kontrollar høvesvis på Leikanger, i Sogndal og på Kaupanger onsdag ettermiddag og kveld. Tre av køyretøya fekk bruksforbod, og av desse vart to avskilta fordi dei ikkje var framstilt for teknisk kontroll. 


Ein av sjåførane som vart stogga i kontrollen vart meld til politiet, då han mangla førarrett i klasse B. Elles vart det skrive ut eitt gebyr for manglande vognkort og eitt fordi ein sjåfør ikkje hadde med seg førarkortet.


Kontrollørane skreiv ut til saman åtte mangellappar i kontrollane onsdag. Seks grunna manglande lys, ein grunna feil på eksosanlegg og ein fordi det var feil på bremsene på det kontrollerte køyretøyet.


Siste saker Gå til framsida