Fjellbibliotek i fjøresteinane

Luster kommune tenkte utradisjonelt då dei skulle finna plassering for Dagsturhytta med nynorsk fjellbibliotek.

Publisert 21.10.2016 kl. 14.38. Oppdatert kl. 15.46.

I samråd med DNT Ung i kommunen valde dei å satsa på fjorden, og legg hytta til den veglause grenda Ytre Eikum. Den ligg mellom Vedvik og Solvorn langs Lustrafjorden. Og det berre råd å koma dit med båt, eller kajakk.

– Det er fantastisk det Luster har fått til, seier Atle Skrede, prosjektleiar for Dagsturhytta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Han tykkjer det er spennande at dei vel å leggja hytta ved fjorden, og at ungdommane i DNT Ung har fått vore med og avgjort staden. Luster kommune har frå før fleire dagsturhytter på fjellet, den siste som kom opp var på fjellet Molden.

Tur- og leselyst

Dette er eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sparebankstiftinga. Tanken er å ha ei dagsturhytte som er heilt lik i kvar kommune­. I hytta skal det vere eit lite bibliotek på kring 20–25 bøker på nynorsk om fjell og fauna. Tanken er å fremja både turlyst og leselyst.

Skrede seier at Luster sjølvsagt skal få ha med bøker om fjord og kajakkpadling. Hyttene skal finansierast ved hjelp frå Sparebankstiftinga, samt spelemidlar for anlegg og momsrefusjon. Alle kommunar i fylket vil vera med på prosjektet. No må dei kome med framlegg til plassering.

Hytte til fjells

Dei fleste kommunar som har bestemt seg vil ha hytta til fjells. I Balestrand vil dei ha hytte på Gulleplet, Sogndal tenkjer å plassera hytta på Loftesnesfjellet, og Høyanger går for Siplo. Leikanger kommune spurde innbyggjarane til råds, og det vart overveldande oppslutnad om Eggjahaugane på Kleppa.

Desse satsar på at dagsturhytta skal vera på plass i løpet av neste år. Andre kommunar har ikkje bestemt seg for plassering enno, og vil få hytta på plass først i 2018.

Etablert kajakkmiljø

Kultursjef Erling Bjørnetun i Luster ser føre seg at hytta på Ytre Eikum kan verta ein spydspiss i friluftslivet for neste år, og at det kan få fleire ungdommar i aktivitet. Fleire aktuelle plasseringar var diskuterte, men dei valde å satsa på Ytre Eikum og fjorden, fordi det allereie er eit etablert kajakkmiljø der. Ein positiv grunneigar gjorde også valet enkelt.

Det er no lyst ut ein arkitektkonkurranse der ein ynskjer å få inn teikningar på hytta som skal vera heilt lik i alle kommunar.

– Dette skal vera ei hytte som er heilt spesiell for Sogn og Fjordane. Dette vert vår hytte! Andre fylke må skaffe sine eigne hytter, seier prosjektleiar Atle Skrede.

Og interessa har allereie vore stor. Det har kome bidrag også frå utlandet. Etter at arkitektkonkurransen er over i slutten av november skal ein jury av­gjera kven som får teikna Sogn og Fjordane si dagsturhytte.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida