Hege er landslagsklar

Jula kom tidleg for Hege Bakken Wahlquist (23) i år.

Publisert 19.11.2015 kl. 14.55. Oppdatert kl. 16.48.

– Ja, det gjorde ho absolutt, seier den tidlegare Jotun-spelaren, som er inkludert i Noreg sin tropp som skal spela to kampar mot Island seinare denne månaden.

Trenaren ringde

Torsdag morgon vakna årdølen til eit ubesvart anrop frå trenar Axel Stefansson på rekruttlandslaget.

– Eg skjønte kva det var snakk om då assistenttrenaren min hadde sendt melding og gratulert meg. Det var veldig uventa, då det er ein veldig hard konkurranse om plassane på laget.

– Skal gjera mitt beste

Wahlquist hadde fått med seg kven som i utgangspunktet var tekne ut på laget, men då Larvik-spelaren Thea Mørk måtte melda forfall, opna det seg ein sjanse for 23-åringen.

– Eg vart veldig glad for å bli teken ut, og eg skal gjera mitt aller beste viss eg får spela.

I god form

Rekruttjentene møter Island i to kampar 28.–29. november. Laget skal ha samling på Lillehammer. Wahlquist seier det blir kjekt å spela med flagget på brystet igjen.

– Eg håpar å få spela litt, utan at eg forventar for mykje.

I to år var lynvingen innom aldersbestemt landslag, men ein stygg kneskade sette ho ut av spel i over eitt år.

Dei siste to sesongane har ho gjort sakene sine svært godt på Glassverket, som også er klare for cupfinale mot Larvik 30. desember. I serien ligg laget hennar på 3.-plass på tabellen, bak Larvik og Tertnes som toppar.


Les meir om: Siste Nytt Sport

Siste saker Gå til framsida