Snart oppstart i Høyangertunnelen

Fra° første del av november blir det lange stengingar pa° fv. 55 gjennom Høyangertunnelen.

Publisert 23.10.2015 kl. 12.14. Oppdatert kl. 12.47.

Da° startar eit omfattande rehabilteringsarbeid som vil vara fram til neste sommar, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

170 millionar

Høyangertunnelen pa° fylkesveg 55 skal rehabiliterast for 170 millionar kroner. Arbeidet omfattar ny vass- og frostsikring, fjellsikring, nye nisjar i tunnelen, ny drenering og kablar, nye vifter og nytt lysanlegg.

Arbeidet skal utførast av Veidekke Entreprenør AS, og Høyangerfirmaet Per A. Øren AS er hyra inn som underentreprenør.

Stort behov

Den 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen stod ferdig 1982. Det har ikkje vore utført omfattande tiltak sidan da°. Behovet for opprusting til moderne standard er difor stort, melder vegvesenet.

- Mange takplater har dotte ned eller blitt fjerna. Det betyr at vass- og frostsikringa er vekke, noko som gjer at det er mykje vatn i vegbana. Vifter med oppheng og lysanlegget har ikkje blitt skifta sidan tunnelen var ny. No skal alle dei gamle viftene fjernast, og erstattast av færre, men større vifter, seier prosjektleiar Sveinung Hovland.

Trafikkavvikling

Høyangertunnelen har ikkje eit veldig høgt trafikktal, men er veldig viktig for innbyggjarane i Høyanger og Balestrand. Fleire bedrifter er avhengige av vegen for a° fa° ut varene sine. For dei er det viktig at opningstidene stemmer, slik at kundane fa°r produkta sine til rett tid, vert det påpeikt i pressemeldinga.

- Me har vore i dialog med fylke, kommunar og næringsliv, og me har etter beste evne forsøkt a° finna opningstider som alle kan leva med, seier Hovland.

Det skal utførast ein del sprengingsarbeid, noko som medførar lengre stengingsperiodar  gjennom heile døgnet. Arbeidet vil ga° fra° ma°ndag morgon til laurdag ettermiddag.

Ambulanse

Entreprenør Veidekke har likevel eit ma°l om a° halda eine køyrefeltet fritt til ei kvar tid. Dette blir ekstra viktig med tanke pa° at ambulansar fra° Høyanger ogsa° har ansvar for utrykkingar i Balestrand kommune.

- Sidan Balestrand ikkje har eigen ambulanse, men er avhengig av ambulanse fra° Høyanger, ma° tunnelen kunne opnast for utrykking veldig raskt, understrekar Hovland.

Naudnett

Samstundes med at Vegvesenet og entreprenør i førre veke var samla for a° planlegge oppstart, kom meldinga om at fylkestinget i Sogn og Fjordane fylkeskommune likevel vil ha naudnett i Høyangertunnelen.

- Med nødnett ma° me auke talet tekniske nisjer i tunnelen fra° fire til fem, samt byggja to nye tekniske bygg pa° utsida i kvar ende av tunnelen. Det ma° ogsa° opp ei ny antennemast pa° Høyangersida, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Svein Rune Vie.

Installering av naudnett vil auka totalkostnaden pa° prosjektet fra° 170 til 190 millionar kroner.

Les òg:

Kolonnekøyring i Høyangertunnelen, med følgebil fra° begge sider på følgjande klokkeslett: 03.00, 05.45, 06.40, 08.15, 09.20, 10.50-11.05, 12.30, 13.45, 14.15, 16.05, 16.45 (berre fredagar), 18.10, 21.45 og 24.00. Det vert stengt om natta frå klokka 24.00 til 03.00.


Siste saker Gå til framsida