Sa ja til naudnett

Eit samrøystes fylkesting sa ja til etablering av naudnett og DAB-radio i samband med utbetringa av Høyangertunnelen.

Publisert 13.10.2015 kl. 12.58. Oppdatert kl. 13.09.

Fylkestinget gjorde følgjande vedtak etter framlegg frå Ap, Høgre, Frp, Venstre og KrF:

"Tiltaket vert finansiert med inntil 20 millioner kroner av posten for vedlikehald av fylkesvegnettet. Fylkesrådmannen tek kontakt med Høyanger kommune for å avklare eventuell medfinansiering."

Ville venta

Senterpartiet hadde eit tilleggsframlegg som vart forkasta mot ti røyster. Dette gjekk ut på at Høyangertunnelen, som lengste fylkesvegtunnelen i fylket, var i ei særstilling for installering av naudnett, slik at naudnett i denne tunnellen ikkje ville gje presedens for seinare saker.

Dei gjorde difor framlegg om at fylkestinget skulle be fylkesordføraren ta opp saka med Samferdsledepartementet med tanke på å endra kriteria for naudnett i tunnellar slik at tunnellengde vart eit vesentleg kriterium, samstundes som krav til årsdøgntrafikk måtte reduserast vesentleg. Vidare ville dei at Samferdsledepartementet skulle dekka kostnadene med installering av naudnett i Høyangertunnellen.

Reagerte

Frank Willy Djuvik, Frp, reagerte på dette og meinte at Sp her var viljuge til å betala meir for utbygging av naudnettet ved å ta det på eit seinare tidspunkt.

Norunn Lunde Furnes, KrF, sa det var no eller aldri for naudnett i Høyangertunnelen.

– Dette kan kanskje skapa presendens, men for oss i KrF er langda på tunnelen utslagsgjevande for at me går inn for naudnett.

Ole Gunnar Krakhellen, H, meinte dette var ein gledens dag.

– No kan me prioritera tryggleik for dei som køyrer. Dette kan me heller ikkje ta att på eit seinare tidspunkt til den prisen der no er snakk om, sa Krakhellen, som la til at han var usikker på kva Sp tenkte om sitt eige framlegg.

Jenny Følling, Sp og fylkesvaraordførar, meinte det ikkje skulle vera vanskeleg å skjøna Sp sitt syn.

– Me går for Høyangertunnelen. Men dette skapar ikkje presedens for andre tunnelar, slik Frp prøver å seia.

Mykje pengar

Følling seier til Sogn Avis at også 20 millionar kroner er mykje pengar.

– Dette går no på kostand av andre prioriteringar når staten ikkje vil gå inn og betala for dette.

Les òg:

Les òg:

Les òg:


Siste saker Gå til framsida