Arkeologen vart overraska på eigen grunn

– Her har vore eit senter for verktøy og våpen.

Publisert 24.09.2015 kl. 00.01.

Arkeolog Asle Bruen Olsen ved Universitetet i Bergen er ikkje det minste i tvil om at funna ved utgravingane dei siste dagane i Kaupanger byggjer opp om at Lusakaupang var eit handelssenter i mellomalderen.

Kong Sverre kom etter slaget ved Fimreite i 1184 til Kaupanger og sette hus i brann. Historia om Lusakaupang har med denne utgravinga fått ny og viktig kunnskap som byggjer opp om at her var eit senter med stor aktivitet og her var heilårsdrift, i  handelssenteret som voks fram nede ved Kaupangerbukta.

Høgmellomalder

– Me er truleg i høgmellomalderen, 1100- til 1200-talet. Hus kan ha stått på rekkje og rad. Det kan vera bustadhus, men òg bygg som har hatt spesiell oppgåve, seier Bruen Olsen. Arkeologen frå Bergen Museum slår fast at Lusakaupang openbert var eit senter der dei laga verktøy og våpen av jarn.

– I tillegg har me funne koparslagg og truleg bronsearbeid. Dette viser at dei var dugande spesialistar, profesjonelle smedar, og dei var særs dyktige til å smelta jarn, seier Bruen Olsen.

Via Lærdal

Til no veit ein lite om kvar jarnet kom frå.

Kan det ha vore eit handelsnettverk via Lærdal frå Tyin og Filefjell? Der er påvist omfattande jarnutvinning.

Men til den omfattande produksjonen av jarn som har vore her, måtte dei ha tilgang til rike-leg skog.

– I Kaupanger var det tett med furuskog òg i mellomalderen. Tidlegare er det gjort funn av særs mange kolminer her, tett i tett, som òg frå tidleg mellomalderen. I tillegg er det funne ein del tjøreminer.

Skulle grava grøft

– Me skulle grava grøft til vassleiding og så fann me restar av ein steinkjellar. Eg stogga arbeidet med ein gong, og kontakta fylkeskommunen, fortel ein oppglødd Christoffer Knagenhjelm. Arkeologhjarta hans gjorde eit kjempestort byks då han såg kva som openberra seg nede i sjakta der vassleidningen skulle leggjast.

To dagar

– Steinkjellaren har vore brukt i fleire hundre år, truleg til godt ut på 1500- og 1600-talet. Me har funne restar av tregolv frå dei siste brukarane. Det kan hjelpa oss å datera kor gamal han er, seier Knagenhjelm. 

– Turboarkeologi, kallar Knagenhjelm utgravinga. Arkeologar har i to hektiske dagar grave fram det eine funnet meir spennande enn det andre.

– Funna gjev oss eit unik innsyn og ny viten om Kaupanger om aktiviteten her i mellomalderen. Dette er i overkant av kva eg hadde våga å tru dei kunne finna, seier Knagenhjelm opplødd.

– Dåtidas campus

– Det er vel ikkje overraskande at det kunne gjerast spennande funn her i området?

– Overraskande er det at det er så mange ting, og det fortel kor stor aktivitetet som har vore her. På 1970-talet var det arkeologiske utgravingar i området på 500 kvm like ved der impregneringsverket til Kaupanger hovedgård ligg. Då utgravingane var ferdig, vart området fylt ut og planert.

– Eg er overraska over at det vert gjort så mange og fine funn. Når arkeologane er er ferdige, skal det leggjast filt over m.a. steinkjellaren. Då tek ein vare på funna for ettertida, seier Christoffer Knagenhjelm. 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida