Prestisjebygg skal granskast

Det vesle huset har symbolisert makt og velstand. No skal brannkjellaren på Kaupanger Hovedgård undersøkjast.

Publisert 14.05.2015 kl. 12.37. Oppdatert kl. 15.10.

– Kanskje er brannkjellaren heilt frå 1500-talet. Men han kan også vera frå 1700-talet. Uansett er han nok 3–400 år, seier Christoffer Knagenhjelm.

Mystisk aura

Arkeologen, som er oppvaksen på eitt av landets største freda anlegg, er spent på å få vita meir om historia til steinbygningen like ved hovudhuset. Det har vist seg at det ligg brikker i puslespelet nede i bakken.

– Då broren min skulle drenera her, vart det funne gjenstandar og bygningsspor frå mellomalderen som fortel om eldre busetnad, fortel Knagenhjelm.

Framover skal bygget renoverast og løftast fram. Kaupanger Hovedgård har fått 570.000 kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til arbeid med restaurering av kulturlandskap, hovudhuset og den spesielle brannkjellaren.

Både tak og vegger skal til pers.

– Mørtelen skal av. Med mørtel får ikkje bygget pusta. Vatn kjem inn og ikkje ut att, seier Knagenhjelm.

For unngå vidare skader må også røter frå to store tre som har stått like ved kjellaren fjernast med spesialutstyr.

Synte makt

Ein brannkjellar er ikkje ein ordinær kjellar i eit hus. Derimot er det eit sjølvstendig murhus bygd for å verna om verdiar.

Å ha eit slikt bygg på eigedommen var ikkje for kven som helst.

– Det er eit prestisjebygg, noko som vart sett opp for å synast. Dei som hadde brannkjellar utstrålte makt og autoritet, seier Knagenhjelm.

Gjest Baardsen

Då er det kanskje heller ikkje tilfeldig at murbygget ligg plassert ved den gamle bygdevegen, og godt synleg frå fjorden.

Gjest Baardsen skal ha vore fengsla i brannkjellaren før han vart transportert vidare- og han skal ikkje ha klart å rømma derfrå.

– Det gamle hovudhuset brann ned i 1850 og brannkjellaren stod att etter det, seier Knagenhjelm.

Knagenhjelm hugsar sjølv at besteforeldra hans lagra sølvtøy i kjellaren, men dei siste åra har kjellaren stått ubrukt.

I Bergen

Knagenhjelm har gjort formidling av historia til Kaupanger Hovedgård til leveveg gjennom familieverksemda Knaken, som mellom anna er opptekne av vern gjennom bruk av bygningane.

– Me vil ha ein open dag i samband med restaureringa av brannkjellaren, seier Knagenhjelm.

Han seier hovedgården har fleire planar framover. Mellom anna restaurering av den store altanen på hovudbygningen og å hogga i plantasjen like ved bygningane.

Trass i at det er vanskeleg å seia kor gammal brannkjellaren kan vera, ser Knagenhjelm at bygget har likheiter med liknande bygg i Bergen.

– I Bergen var det til dømes forbod mot open eld i heimane i mellomalderen, då nytta dei ein type gjestehus. Kanskje var det liknande på Kaupanger, undrar Knagenhjelm.


Les meir om: Siste Nytt Sogndal

Siste saker Gå til framsida