Riksantikvaren i Sogn

Riksantikvaren valde Sogn som arena for ei samling med sine nordiske kolleger.

Publisert 08.06.2012 kl. 18.15.

– Sentralt står korleis kulturminne kan skapa verdiar i samfunnet, seier riksantikvar Jørn Holme.

– Heilt fantastisk å treffa det unge paret på Knaken kafé, som skapar verdiar her, seier Holme. Kva kulturminne kan generera av aktivitet, stoltheit, kunnskap og sysselsetjing er noko Holme er svært oppteken av.

– Folk vil ha både natur og kultur, ikkje berre reisa forbi, seier Holme.

Viktig samling

Sist veke vitja riksantikvaren og hans følgje Luster og Kaupanger. I år var Noreg vertskap for samlinga for vernestyresmaktene i Nor­den, som Holme skildrar som ei stor og viktig hending for dei nordiske kollegaene. Samlinga går på rundgang slik at Noreg arrangerer denne kvart sjette år. Valet fall på Sogn.

– Fordi eg er veldig glad i Sogn. Ingenting kan overgå dette, seier Holme og smiler, som har bakgrunn som politimann mellom anna i Sogn.

Sola strålte på Kaupanger hovedgård onsdag, der det også var innlagt besøk på Knaken kafé og stavkyrkja. Følgjet hadde tidlegare vore på Walaker hotell, helst på Geir Vetti og sherpaene, besøkt Urnes stavkyrkje og rusla i Solvorn.

Vil løfta Solvorn

– Eg er begeistra for Solvorn som unikt kulturmiljø. Eg har lyst til å løfta fram Solvorn, saman med kommunen og fylkeskommunen, men eg må få koma tilbake til korleis, seier Holme.

Besøket vart avslutta på Kaupanger, og Holme understreka verdien av å sjå ulike typar kulturminne som fortel den breie historia.

Så langt i år har Holme vitja Sogn seks gonger, og blir nok snart å sjå att på desse trakter.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida