PROBLEM: Ørjan Hopen (19) står i dag fram som speleavhengig i VG.

Hopen står fram som speleavhengig

Ørjan Hopen (19) står i VG i dag fram som speleavhengig.

Publisert 30.11.2011 kl. 08.22. Oppdatert kl. 08.32.

Hopen har fått sitt store gjennombrot på fotballbana denne sesongen, med mange viktige scoringar.

Men no viser det seg at han har slite med speleavhengighet over lang tid.

Starta som åtteåring

Hopen spelte på Langdddsen som åtteåring, og som 14-åring satsa han åtte-ni tusen kroner på kampar frå Champions League.

– Eg hadde Barcelona som sikker vinnar borte mot Werder Bremen, men Bremen vann 3-0. Eg var heilt shaky, men måtte halda maska, seier Hopen til VG.

Trugsmål

Hopen fortel at han kan spele for 40.000 kroner på ein månad, og han har opparbeidd seg ei stor gjeld. Det har ført til trugsmål.

– Trugsmåla kjem frå enkeltpersonar Norge rundt. Dei har truga med å melde meg til politiet og med fysisk vald, seier sogndølen til avisa.

Hjelp frå klubben

Denne veka tok Ørjan Hopen kontakt med leiinga i Sogndal Fotball og bad om hjelp.

Etter det VG kjenner til vil klubben hjelpe han med gjelda, men det må ei gjeldssanering til.


Les meir om: Nyhende Sport

Siste saker Gå til framsida