MANGE: I fjor fekk nær 300.000 nordmenn uførepensjon frå Nav. (Arkiv)

Mange kan hamna i uførefella

Veit ikkje korleis økonomien er sikra.

Publisert 28.05.2011 kl. 13.59. Oppdatert kl. 14.01.

Regjeringen la fredag fram utkast til nye reglar for uførepensjon frå folketrygda. Samstudes viser ei ny undersøking at mange vestlendingar ikkje veit korleis økonomien er sikra om dei blir uføre.

– Å gå frå arbeidsinntekt til trygd kan gje store økonomiske problem, seier pensjonsekspert.

I fjor fekk nær 300.000 nordmenn uførepensjon frå Nav. Dette er 5.000 fleire enn året før.

Regjeringen har nok kome med framlegg til nye reglar for uførepensjon.

– Folk bør vita kva de nye reglene betyr for økonomien om dei vert uføre, sier forbrukarøkonom Knut Dyre Haug i Storebrand.

Ei undersøking Norstat har gjennomført for Storebrand viser at 39 prosent av innbyggjarane på Vestlandet manglar eller ikkje veit om dei har uføreforsikring gjennom jobben.

Dyre Haug meiner folk flest bør skaffa seg betre oversikt over eigne rettar. Han minner om at fleirtalet av arbeidstakarane i privat sektor faktisk er med i tenestepensjonsordningar som ikkje gir rett til uførepensjon. Berre 37 prosent av dei tilsette har uførepensjonsordning, viser tall fra FNO.

– En del arbeidstakarar stolar nok på at arbeidsplassen eller folketrygda dekkjer dei økonomiske tapa som skulle oppstå om ein ikkje lenger kan vera i jobb. Realiteten er eit betydeleg inntektsbortfall som kan gje store økonomiske problem, særleg om du har forpliktingar som familie og bustadlån, seier han.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida