Arbeid i to tunnelar

Publisert 14.11.2017 kl. 13.15. Oppdatert kl. 16.37.

Tysdag ettermiddag skal det arbeidast både i Fodnestunnelen på riksveg 5 og i Storehaugtunnelen på riksveg 13, melder Statens vegvesen.


I Fodnestunnelen startar arbeidet opp tysdag klokka 13.00, og fram til klokka 20.00 kan tunnelen bli stengd i periodar på inntil 25 minuttar grunna vegarbeid. Arbeidet held fram onsdag og torsdag, begge dagar frå klokka 06.00 til klokka 20.00.


Arbeidet i Storehaugtunnelen på Vikafjellet startar opp klokka 17.00 tysdag og blir avslutta om lag klokka 23.00. Riksveg 13 gjennom tunnelen vil bli stengd desse timane, men utrykkingskøyretøy kan passera.


Siste saker Gå til framsida