Vårkonsert

Stad: Fjærland Kyrkje
Dato: 31. mai 2017
Arrangør: Førde Seniorkor og Fjærland Kammerkor
E-post: hj.hag@hotmail.com
Førde Seniorkor tek turen til vakre Fjærland onsdag 31. mai. Vi skal på Brevasshytta, på omvisning med lokalkjende folk og på Bremuseet, men først og fremst reiser vi for å besøkje Fjærland Kammerkor. Begge kora inviterer til vårkonsert i Fjærland Kyrkje klokka 17.00. Repertoaret er vidt, vi syng alt frå «Brudemarsj frå Lødingen» til «En sång om frihet». Distriktsmusikar Jacob Wyrtz blir også med. Vi håpar at mange vil ta turen og vera i lag med oss denne ettermiddagstunda den siste dagen i mai. Inngangsbilletten er 50 kroner.

Sogn Avis er ei dagsavis som kjem ut i Leikanger i Sogn og Fjordane.

Ansvarleg redaktør: Jan Inge Fardal

Redaktørplakaten

  • Riverdalen 5
  • 6863 Leikanger
  • Tipstelefon: 990 82 381
  • SMS: SOtips til 1982