Privattimen

Stad: Sogndal Kulturhus
Dato: 28. mars 2017
Arrangør: Sogn og Fjordane Teater
E-post: post@softeater.no
Nettside: http://www.softeater.no
Privattimen er skrive i 1951 av dramatikaren Eugène Ionesco. Samuel Becket og Ionesco blir rekna som dei viktigaste representantane for absurdteater. Ionesco kalla sjølv Privattimen for eit komisk drama. Den burleske og humørfylte einaktaren handlar om ein ung, naiv elev og ein besynderleg professor som skal hjelpe eleven til å ta «den universelle doktorgrad» på tre veker!

Stykket er skrive som eit angrep på eit undertrykkande skulesystem med totalitær lærarautoritet, spekka med overraskande innfall og overdriven, grotesk humor. Ionesco set fokus på det meiningslause ved konvensjonane våre, – kva oppdreg vi unge menneske til? Kva slags banal kunnskap er det vi tvingar på dei? Kva slags nytte vil dei ha av det håplause tankegodset og dei ubrukelege ferdigheitene vi indoktrinerer dei med? Kva brukar vi språket til, - å dominere eller frigjere?

Privattimen er eit angrep på makt, maktbruk og maktmisbruk. Eleven blir nesten hypnotisert til å uttale meiningslause banalitetar og tomme læresetningar. Læraren viser seg å vere ein pervers sadist som til slutt drep sin hjelpelause og etter kvart temmeleg aggressive elev. Det er eit intenst og tankevekkande stykke som stiller spørsmål ved meiningsløysa ved dei tillærte og undertrykkande verdiane våre.

Men først og fremst blir alt fortalt i ein frekk, antikonvensjonell og frigjerande form for absurd humor. Både lærarar og elevar vil kjenne seg att!

Medverkande:
Kjersti Fjeldstad
Kyrre Eikås Ottersen
Reidun Melvær Berge

Av: Eugene Ionesco
Omsetjing: Svein Selvig
Regi: Bentein Baardson
Lysdesign: Krystian Myska

Billettar: www.softeater.no/billettar

Sogn Avis er ei dagsavis som kjem ut i Leikanger i Sogn og Fjordane.

Ansvarleg redaktør: Jan Inge Fardal

Redaktørplakaten

  • Riverdalen 5
  • 6863 Leikanger
  • Tipstelefon: 990 82 381
  • SMS: SOtips til 1982