EIT LITE STIKK: Vitusapotek og apotekar Mette Karlsen tilbyr no influensavaksine. Oddrun Valsvik er prøvekanin. (Foto: Morten Sortland)

Apotek tilbyr influensavaksine

Ingen timebestilling og det heile er over på ein liten halvtime.

Publisert 05.09.2018 kl. 14.26.

Det lovar apotekar Mette Karlsen ved Vitusapotek i Årdal i samband med at apotekkjeda no tilbyr influensa vaksine. Meir enn 600 godkjende vaksinesettarar står klarev til å stikka kundane sine.


- Dei viktigaste risikogruppene er 65 pluss, kolspasientar, astmatikarar, hjertepasientar, diabetikarar og gravide. Men hjå oss er alle vaksne som ynskjer det sjølvsagt hjarteleg velkomne inn for eit lite stikk i overarmen, seier Karlsen.


75 prosent

Styresmaktene har som mål at 75 prosent av dei som har behov for influensavaksinen faktisk tek den. I sesongen 2016/17 døydde 1.700 personar av influensa.

Tilbodet vart testa i drygt 20 apotek i fjor, og røynslene var så gode at folk no kan vaksinere seg i meir enn 150 Vitusapotek over heile landet. Folk kan bestilla vaksina på nettet og så gå til apoteket for å sett vaksina.

- Det eineste me ber om er at dei som vaksinerar seg ikkje forlet apoteket før det er gått ein halvtime. Einskilde kan reagere på sprøytestikk med litt svimmelheit eller liknande, og då er det greitt at me er i nærleiken, seier Karlsen, som legg til at det framleis er mogleg å få influensavaksine på helsestasjonane.

- Tilbodet vårt er meint som eit supplement.


Les meir om: Placement Nyhende Helse Årdal

Siste saker Gå til framsida