KJEMPENØGD: Fylkesleiar i AUF, Henrik Thorsnes Lefdal jublar over Ap-siger og raudgrøn opptur i skulevalet. (Foto: Arkiv

Ap størst i skulevalet

- Regjeringa fører ein politikk som ungdom ikkje vil ha.

Publisert 05.09.2017 kl. 23.14.

Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane AUF, Henrik Thorsnes Lefdal.


Arbeidarpartiet fekk 26,6 prosent av røystene i skulevalet (opp 3,2 prosent) og Thorsnes Lefdal er strålande nøgd med at Ap nok ein gong er det største partiet blant ungdom i Sogn og Fjordane.


- Høgre stuper frå forrige stortingsval og ungdom i Sogn og Fjordane ynskjer Arbeidarpartiet i regjering og Jonas Gahr Støre som statsminister, seier Thorsnes Lefdal i ei pressemelding.


SP hakk i hæl

Tettast på Ap er Senterpartiet som fekk 20,0 prosent av røystene, opp 6,7 prosent. Også MDG og SV kan notera seg for ein fin opptur. MDG fekk 9,0 prosent av røystene (opp 6,6), SV 8,1 prosent (opp 3,3). Leiar i Sogn og Fjordane SU, Otelie Auflem Tenden, tykkjer resultatet er svært gledeleg for SV.


- SV har auka med 3.3 prosent  i Sogn og Fjordane. Dette er større auke enn nasjonalt, der resultatet vart opp 2.5 prosent til 10 prosent. Dette er eit lagarbeid. Gjennom heile skulevalkampen har vi opplevd at elevane har vore interessert i kva vi står for, seier Otelie Auflem Tenden i ei pressemelding.


Høgre-nedtur

Skulevalet vart ein stor nedtur for Høgre som fekk 10,4 prosent, ned 10,7 prosent frå skulevalet i 2013. Frp fekk 8,0 prosent (opp 0,6). Venstre gjekk ned 4, 0 prosent til 6,9 prosent, KrF enda på 4,7 prosent (ned 0,7) og Raudt fekk 2,8 prosent (ned 0,7).


Les meir om: Nyhende Politikk Ung Val2017

Siste saker Gå til framsida