Dei to valdtektsutsette Andrea Voll Voldum (til venstre) og Charlen Larsen trur i likskap med advokat John Christian Elden at den nye bSafe-appen vil vera banebrytende i kampen mot valdtekt og andre typar overgrep. (Pressefoto)

Andrea brukar erstatningspengar på mobilapp mot valdtekt

- Dette er ein app som eg trur kunne ha redda meg tilbake i 2014 då eg blei utsett for valdtekt.

Publisert 09.07.2018 kl. 19.37. Oppdatert kl. 19.38.

Det seier Andrea Voll Voldum. Ho har no investert 100.000 av erstatningspengane ho fekk etter gruppevaldtekten ho blei utsett for i Hemsedal i 2014 i ein mobilapp.


Blei valdteken

Rich Larsen opplevde ein kvar foreldre sitt største mareritt då dottera hans, Charlen, blei valdteken av to av vennene sine då ho var 16 år.


Dette forandra fullstendig familiens liv. I dag samarbeider far og dotter for å forhindre at andre familiar skal måtte oppleve det same.


Appen som har fått namnet bSafe har allereie registrert over ein million nedlastingar.


Den nye versjonen som no er tilgjengeleg med stemmeaktivering, livestreaming og nedlasting av opptak gjer den unik på verdsbasis.


- Verkar avskrekkande

- Denne appen vil gje heilt nye perspektiv. Fordi lyd og videoopptak gir ny innsikt i kva som faktisk har skjedd. Og ikkje minst fordi den verkar avskrekkande med sin sireneliknande alarm, ein alarm som vil få overgriparen til å vurdere om han skal fullføre det han har starta, seier advokat John Christian Elden i ei pressemelding. 


- Hadde eg hatt ein slik app på mobilen, kunne eg slått alarm då eg merka at dopet eg var utset for byrja å virke, seier Andrea Voldum.


Ho valde å investera i dette prosjektet fordi ho meiner dette er ein app som kan vera med på å gjera både kvinner og menn tryggare. 


- Den verkar avskrekkande, og eg ville bruka erstatningspengane mine på ting eg meiner er bra og viktig, seier Andrea Voldum.


Stod fram på Facebook

I 2014 stod ho fram med si historie i ein Facebook-status, noko som førte til demonstrasjonar for kvinners rettstryggleik i Norge.


Ho har også grunnlagt «Vi trur deg stiftelsen» som skal førebyggja, avdekkja og vareta utsette og pårørande.


Voldum er ikkje i tvil om at det var rett å bruke erstatningspengar på noko så viktig. 


- Nytt og avgjerande

Det som er banebrytande med denne appen er at den blir stemmeaktivert med eit forprogrammert signalord.


Det er berre å seia ordet til appen på mobiltelefonen. Dermed blir alle sokalla «guardians», altså vaktarane som er kopla opp mot appen straks varsla om at personen som utløyser alarmen føler seg utrygg - eller er utsett for fare. 


Fem minutt med lyd og video blir dermed livestreama slik at guardians kan følgja med på mobiltelefonen til vaktarane og i databasen til bSafe i tillegg til eigarens mobiltelefon.


Med opptak av lyd og video lagra både hjå vaktarane og i bSafes database er det ingen hjelp for overgriparen å kvitte seg med mobiltelefonen i ettertid for å fjerne bevis.


- Me har fri bevisføring i rettssaker om valdtekt og overgrep. Alt som kastar nytt lys over hendingar og forløp, som lyd og biletopptak, vil utgjera ein stor skilnad. Ikkje minst når to forklaringar står mot kvarandre - om det handla om frivillig sex eller ikkje, seier Elden, som er overbevist om at ein slik app representerer noko heilt nytt og avgjerande - ikkje minst for utsette kvinner.


Les meir om: Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida