FYLKESTINGSVALET

...
Fou-leiar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane synest det er eit paradoks at listetoppane so langt i valkampen ikkje har villa snakka om skulestrukturen i den vidaregåande opplæringa framover. (Arkivfoto)

Saknar politikarprat om skulestrukturen

Forskings- og utviklings (FoU)-leiar Georg Arnestad synest det er merkeleg stille frå listetoppane om skulestrukturen.

Kjell Eldegard E-post
Publisert 07.09.2011 kl 14:36 Oppdatert 07.09.2011 kl 14:37

Tips ein venn på e-post:


Eg synest det er eit paradoks at veljarane ikkje får noko som helst slags signal frå politikarane om den kanskje viktigaste saka dei skal styra med dei neste fira åra. Nemleg korleis dei tenkjer seg strukturen på dei vidaregåande skulane når elevtalet startar å gå nedover om tre<\a>fire år, seier Georg Arnestad.

Ikkje marknadsstyrt

FoU-leiaren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fortel at so langt er det berre Frp-leiar Frank Willy Djuvik som har signalisert noko slags standpunkt i saka.

Han seier at det må vera elevane sine ønske som avgjer kva skular som skal behaldast og kva skular som må avviklast. Eit ikkje ukjent Frp-syn, men slik eg ser det er dette lite aktuelt i Sogn og Fjordane. Fylket vårt er ikkje slik skrudd saman at me kan lata marknaden styra viktige oppgåver som opplæringssektoren, seier Georg Arnestad.

Har omstilt seg

Georg Arnestad helsar velkomen at fylkespolitikarane endeleg tek inn over seg at elevkulla blir mindre i åra framover. Han fortel at dette er noko han eigen arbeidsplass, Høgskulen, har budd seg på i fleire år no.

Mellom anna ved å sjå ut over eigen teig i jakta på studentar.

Me rekrutterer aktivt studentar frå nabofylka våre, både vestfrå og austfrå. Slik greier me å halda studenttalet oppe, trass i færre ungdomar frå eige fylke, seier han.




Sommar

...

Send sommarbilete til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982.

Sjå bilete


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.