I natt i 1-tida tok det til å brenna på byggeplassen der ingeniør Småbrekke fører opp to store bustadblokker for Årdal og Sunndal Verk. Dei to blokkene ligg på Vee-sida, nedanfor krysset i nærleiken av hybelhuset.
Det tok til å brenna i ei kvilebrakke, og elden slo over til eit lagerhus som stod i nærleiken. Der var det lagra kjøkeninnreiing, dører, vindaugo, plast, linoleum o.a. ting til dei nye husa. Heile lagerbygget med innhald er totalskadd, og varmen slo vidare over til forskalinga på tredje høgda på ei av blokkene, og også forskalinga gjekk opp i logar.
Det gjekk over ein time før brannvernet var herre over varmen. Verdet av skaden er stor, men i dag tidleg var det enno ikkje oppgjeve kor stort verde det er.
(Sogn og Fjordane, 14. mai 1958)