Sogn fiskeristyre hadde sendt skriv med oppmoding til herada om å auka sin del av premien for felt oter frå 10 til 25 kroner.
Marton Sand var ikkje samd i at alt vilt skulle utryddast. Skal ein tenkja slik, gjer dei fleste dyr skade på ein eller annan måte.
Olav Sælthun heldt fram at oteren gjer stor skade, og han hadde sjølv sett at det er mykje oter i Lærdalselva. Han sa at Marton Sand kunne vera trygg på at ikkje all oter vert utrydda, og dertil er oteren altfor vanskeleg å få ta i.
Mot ei røyst vart det vedteke å auka heradet sin del av premien for felt oter frå 10 til 25 kroner.
(Sogn og Fjordane 23. desember 1957)