På siste møtet i Årdal heradsstyre låg det føre ein søknad frå Gunnar Holen om løyve til å nytta stasjonsvogn til likvogn og hotellvogn. Vegsjefen hadde hatt saka til fråsegn, og han tykte at denne kombinasjonen er sers dårleg, så søknaden burde ikkje stettast. Lensmannen var og i tvil om dette kunne vera sanitært, og helserådet hadde på det mest faste fråråda ein slik kombinasjon.
Formannskapet hadde samrøystes råda til å ikkje stetta søknaden, og heradsstyret var samd i dette.
(Sogn og Fjordane 30. desember 1957)