Då Sognekraft tok til med spylinga av tunnelen sin, var det mykje både stein og grus som kom ut saman med vatnet. Dette førde då med seg vanskar for det gamle kraftverket i Refsdal, slik at dette har vorte utkopla. Dei som får krafta si frå dette verket, har difor vorte utan straum ei tid på dagen.
Dei som får kraft frå det provisoriske kraftverket på Hove, har derimot sloppe utkopling.
(Sogn og Fjordane 9. desember 1957)