Det er svært mykje hjort i Vetlefjorden i år, og diger er han og. Etter det som vert meldt til S/SA, vart det skote bra med hjort allereie fyrste jaktbolken, soleis to bukkar på 115 kilo kvar, ein på 120 og ein på 150 kilo.
No måndag vart det skote ein bukk på 131 kilo. Det har vore full semje mellom jegerane i Vetlefjorden om at det berre skal skytast bukk, kolle og kalv får gå i fred, vert det meld til S/SA.
(Sogningen/Sogns Avis, 27. oktober 1983)