– Ein heilt uvurderleg kuturskatt. Slik vurderer kultursekretær Steinar Lægreid det sensasjonelle film-funnet i Årdal. Eit film-funn som vil vekke oppsikt langt utanfor vårt fylke sine grenser.
I ÅSV sine hvelv «oppdaga» ein nemleg i vår heile 5.000 meter med film frå industri-reisinga tidleg på 40-talet. Filmen som er oppteken av tyskarane, er no kopiert, og målet er å redigere materialer ned til ein film som kan gjerast tilgjengeleg for ålmenta. Filmen viser i det vesentlege hektisk byggjeaktivitet då tyskarane omforma Årdal frå jordbruksbygd til industribygd i åra frå 1940 til 1942.
(Sogningen/Sogns Avis, 25. oktober 1983)