Ingen er forskåna for gløymsel, heller ikkje presteskapet.
Provet på det finn vi i Vik der sokneprest Johnsen rett og slett gløymde heile preika i Arnafjord kyrkje. Kyrkjelyden sat i tre kvarter og venta på prest og organist før dei ana uråd og ringde heim til presten i Vik. Ingen i kyrkjelyden trudde at presten hadde gløymt kveldspreika, men det er faktisk tilfelle, seier sokneprest Johnsen til S/SA. Kyrkjelyden var redd det hadde skjedd noko med prest og organist på turen utover og var svært glade då dei fekk høyra at vi var i god behald heime.
– Og ingen var sinte?
– Nei, så langt i frå. Folk i Vik er snille med presten sin, eg fekk mange trøystens ord då eg vitja kyrkjelyden i denne veka. Så spørst det, då – korleis eg skal gjera det godt att. Men som eit lite plaster på såret hadde eg i alle fall med meg ei konfektøskja då eg vitja kyrkjelyden.
(Sogningen/Sogns Avis, 22. oktober 1983)