Lensmann Arne Kvalen i Luster, vi høyrer det gjekk hardt føre seg på ein romjulsdans i Markstein. Knivbruk og greier, ja, til og med skaperingsforsøk blir det snakka om.
– Det var no litt sterkt sagt det då. Men det stemmer at vi har fått inn to knivar som vart beslaglagde av ordensvernet under den omtala festen. Det er ikkje klarlagt om knivane vart nytta mot noko, og det ligg heller ikkje føre melding i saka. Men vi ser sopass alvorleg på at ungdom går med kniv på seg, at vi etterforskar saka på eige intitiativ, og reknar med å få klarlagt kva som eigentleg skjedde under festen, fortel lensmannen i Luster.
(Sogningen/Sogns Avis 8. januar 1983)