Tøff tone i Lærdal, er det likt til! Ein av dei to som truga fiskeoppsynet i 1981 sa at «eg skal slå deg spint ihel!» «Tok det ikkje alvoleg, det er slikt ein seier», sa han som vart truga med desse orda og knyteneven oppunder nasen.
Og Gulating lagmannsrett har no sagt dom for at når ein trugar med å slå nokon spint ihel i Lærdal, so er det omtrent gjengs tone og ikkje mint slik at ein vil drepa vedkommande, han som sa det vart frifunne for drapstrugsmål.
(Sogningen/Sogns Avis 8. januar 1983)