I innlegg i budsjettordskiftet i fylkestinget tysdag ettermidag, kom representanten Jakob Flæte m.a. inn på lønene til administrative sjefar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og sa at «Administrasjonsutvalet – etter tilråding frå fylkesrådmannen – føretok våren 1982 ei sterk oppjustering av lønnsnivået til etatsjefane. Dette kosta mange pengar og fører sjølvsagt til konsekvensar for nye lønskrav i mellomsjektet.
I tillegg til dette fastsette så fylkestinget at rådmann og fylkesordførar skulle opp eitt lønssteg.Når det regnar på presten så dryp det på klokkaren og dermed gjekk fylkesutvalet og formennene i hovudutvala noko opp i løn.
– På dette plan ligg i alle tilfelle nå Sogn og Fjordane fylke i det øverste skikt i lønsgodgjersle sett i landssamanheng, så her er vi i alle tilfelle ikkje noko tilbakeståande fylke, sa Flæte.
(Sogningen/Sogns Avis 9. desember 1982)