MOT TOPPEN: Fjorårets traineekull her samla på Utsikten på Gaularfjellet. (Foto Framtidsfylket)

22 ledige stillingar servert på eitt fat

Årets julegåve frå Sogn og Fjordane er 22 spennande traineestillingar i 16 bedrifter!

Publisert 07.12.2017 kl. 22.00.

- I år er det 22 spennande stillingar, og fagområda spenner frå internasjonalisering og kommunikasjon til etnologi og finans, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan, i ei pressemelding.


Dei siste tre åra har Framtidsfylket mottatt over tusen søknader til traineestillingane, og er no blitt Norges største regionale traineeprogram.


- Programmet er blitt svært godt kjent på studiestader i Norge, det ser vi på søkjarmassen og når vi snakkar med deltakarane på karrieremessene. Når 75 prosent av søkjarane kjem utanfrå Sogn og Fjordane, veit vi at vi når langt ut med stillingane våre.


Nye traineebedrifter

Framtidsfylket Trainee går no inn i sitt 15 år, og 160 traineear har vore gjennom programmet. Blant årets 16 bedrifter som lyser ut stillingar, har tre av dei aldri hatt trainee før. Tibber, Gloppen kommune og Credicare er nykomarar på bedriftssida.


- Traineeordninga er ein unik inngangsport til arbeidslivet, og difor svært attraktivt for nyutdanna. Dei kjem inn i eit program med ei skreddarsydd stilling, og dei får eit nettverk frå dag éin. Den kollektive marknadsføringa og merksemda ein får av å lyse ut så mange stillingar samtidig, gjer at bedriftene får søkjarar som normalt ikkje ville oppdage deira stillingsutlysingar. Det er ein klar fordel, seier Rukan.


Det er første gong at kommunar lyser ut stillingar gjennom Framtidsfylket.


- I offentleg sektor har vi hatt med fylkeskommunen, Fylkesmannen og Lotteri- og stiftelsestilsynet i ei årrekkje, men det er først no at kommunane også hiv seg med. Det er veldig kjekt at også dei har oppdaga kva moglegheiter ordninga byr på, seier Rukan.


Frå heile landet

Årets kull på 27 traineear er det største kullet i Framtidsfylket si historie. Traineeane kjem frå Hedmark, Møre og Romsdal, Rogaland, Hordaland, Trøndelag, Akershus, Sogn og Fjordane og Tyskland.


- Det blir spennande å sjå kor mange bedrifter som treff med sin kandidat i år. Svært ofte bli fleire bedrifter med i ordninga over nyttår, så det kan også oppstå gode overraskingar for dei nyutdanna heilt fram til søknadsfristen 1. mars, seier Rukan.


Årets traineebedrifter: Tibber, Gloppen kommune, Høyanger kommune, Sødermann Rådgivning (2 stillingar), Melin Medical,


Åsen & Øvrelid, Deloitte, Sogn og Fjordane Fylkeskommune (2 stillingar), Coast Seafood (2 stillingar), Fjord1, Sunnfjord Energi, Sogn og Fjordane Energi, Enivest (2 stillingar), Sparebanken Sogn og Fjordane (2 stillingar), Credicare (2 stillingar)


og Enoro


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida