STENGD: Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av uvêr. Vegen blir ikkje opna i dag. (Arkivfoto)

To fjellovergangar er stengde

Både riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 50, Aurland-Hol, er stengde på grunn av uvêr.

Publisert 15.02.2018 kl. 06.03.

Riksveg 13 over Vikafjellet vil ikkje bli opna att i dag. Her blir det teke ei ny vurdering fredag klokka 14.00.


Også fylkesveg 53, Årdal-Tyin, kan bli stengd på kort varsel. Klokka 05.20 var det minus sju grader, frisk bris og snøbyger. Det er redusert sikt fleire stader over fjellet.


På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet  er det kolonnekøyring på grunn av dårleg vêr.


På E16 over Filefjell er det minus tre grader, frisk bris og lette snøbyger, melder Statens vegvesen.


 


Siste saker Gå til framsida