FRAMLEIS STENGD: Riksveg 13 over Vikafjellet, her ved Holo, er framleis stengd. Fylkesveg 152 ved Vetlefjorden kan bli opna att i dag. (Webkamera: Statens vegvesen)

Kan bli opna i dag

Det blir teke ei ny vurdering klokka 12.00 om fylkesveg 152 ved Alstokka kan opna att etter raset som gjekk i går.

Publisert 01.02.2018 kl. 11.40.

Det opplyser vegmeldingsentralen til Statens vegvesen.


Riksveg 13 over Vikafjellet var torsdag morgon framleis stengd på grunn av snøras og fare for nye ras. Klokka 09.45 melde vegvesenet at fjellovergangen var opna att.


Dei andre fjellovergangane i fylket var torsdag morgon opa for fri ferdsle.


Det er vegarbeid/oppryddingsarbeid fleire stader i Sogn. Blant anna på riksveg 53 ved Finnsåstunnelen, som blir stengd mellom 09.00 og 12.00 og opna i periodar for gjennomkøyring fram til klokka 16.00. Etter det er det fri ferdsle på vegen.


 


Siste saker Gå til framsida