Fylkesveg 53 blir tidlegast opna laurdag. Alle bussruter forbi rasområdet blir innstilt.

Alle bussruter forbi rasområdet blir innstilt

Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes blir tidlegast opna laurdag.

Publisert 04.01.2018 kl. 15.37. Oppdatert kl. 16.40.

Steinraset mellom Årdalstangen og Finnsås gjer at vegen er stengt for trafikk og alle bussruter forbi rasområdet blir innstilt.


Det blir arbeidd med alternative ruter frå Lærdal via Tyin til Årdal, melder Kringom. 


Ruter som går via Tyin ettermiddag/kveld torsdag 4. januar:


15:25 frå Lærdal til Årdalstangen - går via Tyin


15:30 frå Sogndal til Øvre Årdal - må vent i Lærdal til 18:50


17:15 frå Sogndal til Øvre Årdal - Sjukehussbuss frå Førde. Går via Tyin ank. Årdalstangen ca kl 19:55


20:35 frå Sogndal til Øvre Årdal - Går via Tyin


15:40 frå Årdalstangen til Lærdal/Sogndal/Bergen - korrespondanse på Fodnes med Sognebuss kl 18:00


16:00 Frå Øvre Årdal skysstasjon til Lærdal/Sogndal/Bergen


Les også: Stort steinras stengjer fv. 53


Siste saker Gå til framsida