STENGD: Vikafjellet vart stengd i morgontimane tysdag på grunn av ras og fare for nye ras. (Arkivfoto: Gunnar Kleven)

Stengd over Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet stengde på grunn av ras og fare for nye ras i morgontimane tysdag.

Publisert 19.12.2017 kl. 06.36.

Vegen er stengd inntil vidare, opplyser Statens vegvesen på sine heimesider.


Det er elles rundt null grader på dei andre vinteropne fjellovergangane inn og ut av fylket.


Det er snø-og isdekke og det kan vera fare for glatte parti einskilde stader.


I låglandet kan det bli ein halv times ventetid på grunn av vedlikehaldsarbeid mellom 20.00 og 06.00 neste dag. Arbeidet held fram til torsdag morgon. Det er også vedlikehaldsarbeid på riksveg 5 mellom Kaupangerkrysset og Kaupanger ferjekai fram til torsdag.


 


Siste saker Gå til framsida