STENGT: Fylkesveg 50 Aurland-Hol er stengd grunna uvêr i fjellet. Biletet er frå Vestredalen på fv. 50 tysdag morgon. (Webkamera: Statens vegvesen)

Fylkesveg 50 stengd grunna uvêr

Fylkesveg 50 Aurland-Hol vart stengd grunna uvêr natt til tysdag.

Publisert 05.12.2017 kl. 06.20. Oppdatert kl. 06.39.

Slik er tilhøva på fjellovergangane i Sogn tysdag morgon:


E16 Filefjell


Snø- og isdekke, redusert sikt og fare for glatte parti. Klokka 05:30 var det minus 1 grad, liten kuling og snø.


Riksveg 13 Vikafjellet


Snø- og isdekke fare for glatte parti. Klokka 06:15 var det pluss 1 grad, frisk bris og snøbyger.


Riksveg 52 Hemsedalsfjellet


Stort sett snø- og isdekke, fare for glatte partier og stadvis redusert sikt i høyereliggende strøk. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel. Klokka 06:00 var det 0 grader, liten kuling og snøbyger.


Fylkesveg 50 Hol - Aurland


Vart stengd på grunn av uvêr klokka 00:14 natt til tysdag.


Fylkesveg 53 Tyin - Årdal


Stort sett snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 05:30 var det minus 4 grader, stiv kuling og lette snøbyger.


Siste saker Gå til framsida