ULUKKE: Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke ved Høyangsfjorden fredag morgon. (Illustrasjonsfoto)

Bil køyrde av vegen

Det har vore ei trafikkulukke mellom Kvernhaugtunnelen og Hovdentunnelen i Høyanger i morgontimane fredag.

Publisert 03.11.2017 kl. 07.38.

Det er ein person som har køyrt av vegen. Politiet fekk melding om ulukka klokka 07.03 fredag  morgon. Det var berre ein person i bilen.


Naudetatane har rykka ut til staden.


Politiet opplyser på twitter at trafikken kan gå som normalt forbi ulukkesstaden.


 


Siste saker Gå til framsida