Førarkortet rauk i 80-sona

Publisert 21.10.2017 kl. 14.45.

Eitt førarkort rauk då politiet held fartskontroll i Flåm laurdag.


Vedkomande køyrde i 121 km/t i 80-sona og må bu seg på ei tid som fotgjengar.


Ein sjåfør vart meld til politiet fordi han ikkje ville godta førelegget som vart utskrive.


Det vart skrive ut fem forenkla førelegg der høgste fart var 102 km/t i 80-sona.


Siste saker Gå til framsida