EPISODE 9: Den legendariske spissduoen i årdalsfotballen, Morten Brandsdal og Ole Gunnar Hunderi, er gjester i den niande episoden av fotballpodkasten Radl om badl.

Dei scora 600 mål for Jotun og trur «Krossen» endar opp i motorsykkelklubb

Den legendariske spissduoen i årdalsfotballen, Morten Brandsdal og Ole Gunnar Hunderi, er gjester i den niande episoden av fotballpodkasten Radl om badl.

Publisert 20.10.2017 kl. 12.33. Oppdatert kl. 20.16.

Det er ei glede å ønskja velkomen til den niande episoden av Radl om badl. Denne gongen er det ein frykta angrepsduo frå Årdal som er gjester. 


Ole Gunnar Hunderi er ei levande legende i årdalsfotballen, både med Jotun og Årdal-drakt på kroppen. Han var ein svært frykta spiss både blant motspelarar og domarar, og i 2002-sesongen scora han inkludert treningskampar smått utrulege 79 mål for Jotun.


Henrik Furebotn har omtala han som sin favorittlagkamerat nokon gong, og han gjorde dessutan eit aldri så lite comeback på fotballbana i årets sesong, i 6. divisjon.


Morten Brandsdal får også velfortent legendestatus. Bergensaren har til likskap med Hunderi bøtta inn mål for Jotun i ei årrekkje. Han er tidenes toppscorar for U17-landslaget saman med Kjetil Rekdal, han har vore innom Brann og Sogndal. No er fotballen lagt på hylla, men han har store mål om å trappe opp treninga på Årdal Gym. 


I denne episoden snakkar Brandsdal om tida i Brann, om kvifor han ikkje slo gjennom på toppnivå og ikkje minst då lagkameratane på Jotun fekk klar beskjed om å halda seg unna russisk sprit. 


Hunderi fortel om då han som 13-åring gav seg ut for å vera avisbodet Ivan Øy - og farta bygda rundt på moped med ein hjelm med sota visir, kampane mot erkerivalen ÅTIL og alle gongene han har hamna i klinsj med både trenarar og domarar.


Dei spår også framtida til sin tidlegare trenar, Nils Tore Krosshaug, og dei set opp sitt draumelag av spelarar dei har spelt saman med i årdalsfotballen.


Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og i SoundCloud:



Les meir om: Sport Video Fotball Årdal

Siste saker Gå til framsida