Fartskontroll i Sogndalsdalen

Publisert 14.09.2017 kl. 06.14. Oppdatert kl. 06.19.

Det vart skrive ut sju forenkla førelegg under ein laserkontroll i 80-sona på riksveg 5 ved Hodlekve i Sogndal onsdag kveld, skriv politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. Høgste målte fart var 97 kilometer i timen, og summen den bilføraren måtte ut med til staten lydde på 4.600 kroner. I tillegg vart sjåførens førarkort belasta med to prikkar.


 


Siste saker Gå til framsida