HØG FART: UP stogga ein bilist som køyrde i 108 km/t i 80-sona i Lærdal søndag kveld. (Foto: Arkiv)

108 km/t i 80-sone

12 personar fekk forenkla førelegg etter ein fartskontroll i Lærdal søndag kveld.

Publisert 19.06.2017 kl. 06.28.

Høgaste fart vart målt til 108 km/t. Kontrollen vart avslutta klokka 21.16.


Det er elles vedlikehaldsarbeid på fleire strekningar i Sogn. I går kveld starta vedlikehaldsarbeidet på E16 i Lærdalstunnelen. Dette arbeidet skjer på natta og varar fram til fredag morgon. Folk må rekna med ein halvtimes ventetid.


Seimsdalestunnelen, fylkesveg 303, kan også bli stengd i periodar på ein halv time på grunn av vegarbeid denne veka. Arbeidet skjer på dagtid og startar klokka 11.00 i dag. Vegen er open kvar heile og halve klokketime.


Siste saker Gå til framsida