I eit fersk blogginnlegg tek Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, føre seg arbeidskonflikten i Sogn barnevern som ho meiner har ridd Sogndal kommune som ei mare i mange år. (Arkivfoto)

- Med ytringsfridomen følgjer det òg med eit ansvar

Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, kastar seg inn i debatten om ytringsfridom, ytringsansvar og leiarskap hjå kommunepolitikarar.

Publisert 27.02.2018 kl. 20.11. Oppdatert kl. 20.17.

Fylkesmannen fryktar at innbyggjarane i Sogndal får eit dårlegare tilbod framover enn dei kan forvente på grunn av konflikt og manglande tillit mellom dei folkevalde og mellom politikarar og administrasjon. 


I eit fersk blogginnlegg på fylkesmannsbloggen tek Hamre føre seg arbeidskonflikten i Sogn barnevern som ho meiner har ridd Sogndal kommune som ei mare i mange år.


Dette toppa seg under kommunestyret i Sogndal kommune sist torsdag, der opposisjonen gjekk knallhardt ut mot rådmann Jostein Aanestad. Mellom anna påstod Arne Glenn Flåten (H) at rådmannen villeia politikarane. Gruppeleiaren for Ap, Kjetil Kvåle, tykte ikkje noko om ordlyden og formuleringane som vart brukte frå talarstolen. Fleire av politikarane som stilte spørsmål, gjekk over streken med tanke på insinuasjonar, meinte Kvåle.


Les også: Sjokkerte over språkbruk på talarstolen


Full splid

I bloggen skriv Hamre at etter så lang tid med interne konfliktar og uheldige mediesaker, var det grunn til å tru at politikarane etter vedtaka 11. januar, der kommunestyre handsama barnevernsrapporten, ville ha merksemda på å gjennomføre forbetringstiltaka og på å gjere dagens barnevernsteneste best mogleg rusta til å hjelpe utsette barn og unge og familiar. 


- Kva mål og tiltak skal kommunen ha for å sikre ei god barnevernsteneste og eit godt og trygt arbeidsmiljø i kommunen framover? Kva system må vere på plass for å sikre at kommunestyret får den informasjonen det treng om stoda og for å ta i vare den overordna styringa, spør Hamre og held fram:


- I staden vart resultatet av spørjetimen i Sogndal kommunestyre 15. februar, full splid mellom dei politiske fløyene om handlingar og informasjon i saka som formelt var avslutta 11. januar. 


 Vidare skriv Hamre at enkelte prøver å gjera debatten om samarbeidsklimaet i etterkant av dette kommunestyret til ein debatt om dei folkevalde sin ytringsfridom. Hamre strekar under at det er ingen tvil om at dei folkevalde har rett, dei har til og med ei openberr plikt, til å ytre seg.


- Det er særleg viktig at folkevalde engasjerer seg og gir ei stemme til dei innbyggjarane som ikkje når fram med si eiga stemme. Men med ytringsfridom følgjer det òg eit ansvar for å tenkje gjennom kva forum ytringa vert sett fram i, kva form ytringa skal ha, og korleis ytringane verkar på andre. Det gjeld særleg ytringar frå talarstolen i høgste organet i kommunen - kommunestyret, skriv ho.


- Går ut over tenester og omdøme

Hamre meiner debatten no bør dreiast over på kva som er godt leiarskap. 


- Opp gjennom åra har me sett fleire døme på at dårleg samarbeidsklima mellom dei folkevalde og mellom politikarar og administrasjon på sikt går ut over både tenester og omdøme.


Hamre peikar på at Sogndal er region- og skulesenter og ein kommune i vekst. Ho peikar også på at kommunen har lang tradisjon for god økonomistyring som gir handlingsrom for store satsingar, og med det gode føresetnader for å lukkast med å utvikle kommunen. 


- No skal kommunen slå seg saman med to andre kommunar, og bør nytte mykje merksemd på denne prosessen. I staden ser vi konflikt og manglande tillit. Kommunestyret må samla ta ansvar, og leggje til rette for at tilliten kan byggjast opp att. Utan tillit og samarbeid blir det inga god utvikling for kommunen, men derimot fare for at innbyggjarane får eit dårlegare tilbod framover enn dei med rette kan forvente.


Siste saker Gå til framsida