MOTBAKKE: Mykje bratt klatring, men Aina Bøe frå Sogndal viser tommel opp.

- Litt galskap er den beste medisinen

Sogn og Fjordane MS-forening markerte MS-dagen 25. august ved å invitere medlemmane sine til å gå spektakulære Via Ferrata i Loen.

Publisert 27.08.2018 kl. 07.48.

- Litt galskap er den beste medisin. Sjølv om me har MS, så betyr det ikkje at me ikkje kan gjere noko. Alle kan ikkje gjere det same, men alle kan utfordre seg sjølv og oppleve meistring. Det var det som var målet med denne turen, seier Laila Kandal i Sogn og Fjordane MS-forening.


Krevjande

 15 personar, ti med MS og fem pårørande, frå heile Sogn og Fjordane gjennomførte den krevjande turen på 1010 høgdemeter saman med to flinke guidar på vel seks timar. Med høljande regnvêr og skodde deler av turen fekk deltakarane verkeleg prøvd seg, men stemninga var god og alle kom seg i mål utan større problem. Våte og slitne, men med minner for livet og med ei ekstremt god kjensle over å ha klart utfordringa.


Ulikt

- MS (Multiple Sklerose) er så mykje, og den artar seg ulikt frå person til person. Me har alle plager i ulik grad, men det betyr ikkje at me ikkje kan gjere noko lenger. Før var det sagt at om du hadde MS så kunne fysisk aktivitet forverra sjukdommen, men i våre dagar har forsking vist at det å vere fysisk aktiv kan minske plagene for mange med sjukdommen, skriv Kandal i Sogn og Fjordane MS-forening i ei pressemelding.

Ho forsikrar at det vil bli fleire turar for medlemane.


Siste saker Gå til framsida