Spelarutviklar Jan Tore Jåstad og trenarutviklar Marius Bøe frå fotballkretsen er gjester i den tolvte utgåva av Radl om badl.

- Det svartna for meg då ein med rosa sko og panneband kalte meg lubben

Marius Bøe og Jan Tore Jåstad i fotballkretsen er gjester i den tolvte utgåva av Radl om badl.

Publisert 13.04.2018 kl. 15.22. Oppdatert kl. 12.06.

Denne gongen har me fått med oss to karar med skikkeleg pondus i studio.


Marius Bøe frå Balestrand var ei årrekkje ein frykta mann grunna sin noko kompromisslause spelestil.


I denne episoden legg kraftpluggen ikkje skjul på at han mislikar spelarar som brukar panneband og rosa fotballsko.


Han fortel om den gongen han takla ein fyr ut i ei mursteinrøys under treningskamp i Bergen, om sinne-episodar under tida i Høyang og ein smått legendarisk treningsleir i Danmark.


Jan Tore Jåstad snakkar ut om den gongen han vart erklært uønska under Damefotballens Helg, i samband med at han prøvde å henta halve Kaupanger til Avaldsnes. Me får òg vita litt meir om kvifor han ein periode farta rundt til kretslagssamlingar i buss.


Me er òg innom Sogndal sin sesongstart, Kaupanger-damene og spelarutvikling.


Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og SoundCloud.



Siste saker Gå til framsida